fredag 12. mars 2010

Ungdommenes råskap

Ungdommenes råskap er ein dogumentar om skuledagane til nokre 10. klassingar på Hauketo ungdomsskole i Oslo. Filmen gjev oss ei innsikt i innvandrarars kvardag og møte med norsk skule. Det oppstår konfliktar på tvers av kulturar og fleire av ungdommane har vanskar med å styre følelsane sine. Lærarane har ei stor utfordring både med å takle feidane, men òg å få elevane til å følgje med i timane. Mange av elevane blir svært opprørte når dei får utdelte standpunktskarakterane sine, men gjer tross alt ein god munnleg eksamen.


Kjelde. Regi: Margareth Olin.

Dogumentary-reglane:
2. ”Filmens ide og formål skal skisseres kort i begynnelsen av filmen.” Eit utdrag frå eit dikt av Jens Bjørnebo er brukt i innleiinga på filmen og fortel om vaksnes løgner om ungdommen, og korleis dei eigentleg lengtar tilbake til ungdomstida sjølv - til ungdomsspråket og fridomen. Filmen bygger vidare på dette, korleis ungdommane verkeleg er og ter seg.

4. ”Alle klipp skal markeres. (Unntaket er klipp i "real-time", det vil si direkte klipp i en flerkamera-stituasjon).” Klippinga er godt markert ved at det brått startar og sluttar, og det er ingen ”smooth” overgang. Ein høyrer overgangen godt på lyden; i ei scene kan det vera klasserommet med mykje bakgrunnsstøy medan i neste kan det vera ei roleg samtale mellom lærar og elev på tomannshand. Overgangen er også tydleg på bileta ved at skjermen blir svart (i nokre tiendelar av eit sekund) mellom to klipp.

6. ”Lyd må aldri produseres atskilt fra de originale filmopptakene eller omvendt. Det er ikke tillatt å mixe inn musikk eller dialog i etterkant.”Det er kunn brukt reallyd i filmen, burt sett frå musikken som er lagt til på rulleteksta. Det er ikkje miksa eller lagt på noko lyd, men det står nok ein lydmann bak og dempar og forsterkar ulike lydar ettersom kva ein vil framheve.

Det er vanskeleg å seie kva som er mest truverdig av dokumentar og dogumentar. På ei side kan dokumentaren bruke sjult kamera som vil si at ingen spelar og det vi ser er truverdig. I dogumentaren kan folk oppføra seg litt annleis da dei har eit synleg kamera framom seg. På ei anna side er dokumentaren mykje friare til å mikse og redigere, medan dogumentaren ikkje kan bruka effektar og manipulasjon av bilete og lyd. Men, dogumentaren kan manipulere tida slik vi ser i ungdommenes råskap. Dessutan er det dei mest høvelege klippa som blir plukka ut blant mange timar med film. Det er dei mest brutale sidene blant ungdommane som blir vist. Sannsynlegvis har jo klassa også sine rolige og snille stunder som vi da altså verken
får sjå eller vite noko om.

søndag 7. mars 2010

Pulp fiction - ein postmoderne tekst.

“Postmoderne uttrykk representerer både ei vidareføring av modernismen og eit brot med den” (mediemøter2, s.210). Medan det modernistiske har eit bakanforliggjande bodskap, er overflata sjølve bodskapen i det postmodernistiske. Pulp fiction er ein postmoderne tekst fordi filmen ikkje har noko bodskap som kan tolkast, bodskapen er det vi ser.

Eit anna kjenneteikn på postmodernismen er at ein sett saman og blandar mange ulike uttrykk. Pulp fiction er eit virvar av små forteljingar som er knytte saman, og alt frå det voldelege til det søte er satt saman i ei og same scene. Ein scene er til dømes satt saman av romantisk kjærleik med søte ord som ”honney bunny” i tillegg til pistolar og blod.

Det heilt typiske med filmen pulp fiction er komposisjonen som bryt med den tradisjonelle Hollywood-kurva. Filmen både startar og avsluttar med det same ranet, men i handlinga er dette ranet verken avslutting eller start. Handlinga derimot avsluttar med at Vincent blir skutt, men denne scena kjem midt i filmen slik at i siste scene er han fortsett levande.

Fleire postmodernistiske kjenneteikn i filmen er den ofte ironiske intertekstualiteten. Som eksempel les han eine alltid eit bestemt vers frå bibelen før han skal skyte nokon. Pulp fiction er altså ein postmoderne tekst på grunnlag av ironien, kontrastane, komposisjonen og den ytre bodskapen.

mandag 15. februar 2010

Ei fjernsynshending eg hugsar godt.


Ei fjernsynshending eg minnes veldig vel er gravferda til prinsesse Diana av Wales i 1997. Bakken langs slottsveggane var heilt kvit av blomar, og slottsplassen krydde av menneske som tok del i gravferda. Gjennom denne folkemengda gjekk eit langt tog av blant anna flotte gardesoldatar med bjørnepels lue, blankpussa hestar med ei kjerre der kista låg samt den sorgfulle familien. Eg hugsar at mor vi var veldig trist, noko som smitta over på meg sjølv om eg berre var seks år og ikkje heilt skjøna kva som hendte.

Bildet er henta
her.

fredag 12. februar 2010

Rope

Rope, på norsk; reipet, er ein amerikansk film av regissøren Alfred Hitchcock. Filmen er frå 1948 og kan assosierast med nazismen. Heile handlinga går føre seg i den same leiligheta der to unge menn (Philip og Brandon) kveler ein tidlegare klassekamerat (David) med eit reip. David blir lagt i ei kiste som deretter blir brukt til bord og duka til festmåltid. Foreldra og kjærasten (Janet), samt hennar ekskjærast (Kenneth) og den tidlegare læraren til mennene (Rupert) er bedne. Gjestane undrar over kor det blir av David, og Rupert avslører det heile til sist.

Denne filmen har likskapar til nazismens ideologi ved at det er snakk om overmenneske og undermenneske. Brandon ser seg sjølv som eit overlegent menneske, og på dette grunnlaget meiner han å kunne drepe eit underlegent menneske med rettferd. Denne teorien er det opphavleg Rupert som hadde lært dei på skulen tidlegare, men han hadde ikkje meint det så bokstaveleg. Rupert blir sint å seier at orda berre var ein draum, ikkje meint til å sette ut i livet. - At mordet ikkje vart gjennomført på grunn av desse orda, men av Brandons vonde indre.

Slik som Hitler ville ha ei rein arisk rase, vil Brandon utrydde dei ”underlegne” og spleise Janet og Kenneth for å skape det ideelle par. I tillegg liknar Brandon Hitler ved at han får andre til å gjere ”dritjobben” for seg. Det er nemleg Phillip som utfører sjølve kvelinga av David. I filmen blir kyllingar brukt som metafor på dei ”svake” i samfunnet. Det kjem fram at Philip tidlegare hadde kvelt kyllingar, som han nå har kvelt David.

Filmen er veldig spesielt oppbygd. Det er brukt svært lite klipping og som sagt går heile handlinga føre seg i den same leiligheta. Utsnittet som er brukt er stort sett halvtotal, men kamera bruker ein del zooming for å påpeike viktige gjenstandar som til dømes reipet og kista.


Bilde: http://img147.imageshack.us/i/rope194818223fhe4.jpg/
Kjelde:
http://no.wikipedia.org/wiki/Repet

tirsdag 19. januar 2010

Mediesituasjonen i Somalia.

Organisasjonen Journalistar utan grenser hevdar at Somalia er det farligaste landet å vera journalist i. Eit alvorleg problem er angrep på journalistar. Sidan borgarkrigen i landet i 1991 har ikkje regjeringa fungert på skikkeleg vis, og medium er difor veldig frie. Grunnlova blir ikkje alltid fylgt og reglane blir sett på som noko dei burde, men ikkje er nøydt til å fylgje.  

Til tross for dei politiske problema og den svekka regjeringa i Somalia, har landet eit stort mangfald medium. Problemet er at desse er veldig frie og ofte brukt som propagandamiddel. Private medieinstitusjonar har vorte etablert fleire stader i landet og det er ofte klansystem og militære grupperingar som styrer desse. Slik blir dei utnytta til å spreie propaganda og hat og marknaden blir veldig fiendtleg. Lova om ytringsfridom blir til dømes ikkje beskytta. 

I dag jobbar fleire organisasjonar med å kartlegge brot på presse- og ytringsfridom, og ein prøver å få slutt på overgrepa mot journalistar. I 2007 vart heile åtte journalistar drepne på grunn av sitt arbeid i Somalia.  

Avisene i Somalia er veldig få på grunn av analfabetisme, stor fattigdom og svært få journalistar. Kvar avis har berre eit opplag på om lag 100-800. Fjernsyn er det også veldig lite av på grunn av mangel på teknologi og lite pengar. Mediet som når flest publikum er difor radio, men problemet er at fleire av stasjonane er kontrollerte av klanane og inneheld mest politikk.  



Kjelder:
xmag.no og wikipedia.org

søndag 17. januar 2010

Journalistikk under falsk identitet.

Verbet ”å wallraffe” er oppkalla etter Günter Wallraffs metode for å undersøke journalistikken. Han slo gjennom for om lag tretti-førti år sidan med ei rekke samfunnskritiske og avslørande dokumentarromanar og reportasjar frå tysk arbeidsliv. Det han gjorde var å bruke falsk identitet ved å ta seg arbeid i tysk industri med dekknamn og forkledning. På den måten fekk han fysstehandskjennskap til industriens arbeidsmiljø i Tyskland, og han har gitt ut fleire bøker kvar han beskriv dette livet. Ved å utgjeva seg for å væra somaliar eit år og seinare tyrkisk gjestearbeidar, hevder Wallraff å både ha opplevd diskriminering på grunn av hudfarga og vorte offer for fleire valdsepisodar. 

Günter Wallraffs metode vart i ettertid både rosa og kritisert som uetisk. Å jobbe journalistikk under falsk identitet har i dag vorte ei journalistisk arbeidsmetode. 



Kjelder: Wikipedia og NRK

torsdag 19. november 2009

Filmsensur; Life of Brian.

Monty Python filmen "Life of Brian" vart lagd for 30 år sidan. Denne britiske komedien vart, i likheit med fleire andre filmar, dårleg motteke av religiøse i Noreg og sraffelovas paragraf om blasfemi vart brukt for å forby han. Dette skapte sterke internasjonale reaksjonar og filmen vart snart lovleg att, men med 18 års aldersgrense og tekstplakat som forsikra publikum at det ikkje var ei historie om Jesus liv. Sverige lanserte filmen som "filmen som er så morosam at den er forboden i Noreg" ...

"Life of Brians" handling går føre seg i Judea som er okkupert av romerar. Dei møter mykje motstand og hovudpersonen Brian blir med ei slik motstandsgruppe. Han gjennomgår mykje trøbbel og enda meir komplisert blir det når han blir forveksla med Messias og omringes av enormt mange tilhengjarar. Filmen har vorte utnevnt som ein av verdas artigaste og beste filmar fleire gongar. I dag er det elleveårsgrense på han i Noreg.

Det er fleire episodar i filmen som har paralellar til Jesus liv og kan difor bli sett på som blasfemiske. Tildømes når dei tre vise menn kjem inn i stallan kvar Brian har vorte født for å overrekka gåver. Dei finn etterkvart ut at dei har gått inn i feil stall og må ta attende gåvene. Ei anna episode er når Brian har vorte krossfesta saman med fleire andre og dei byrjar å synge lystig "always look on the bright side of life":



Kjelder:
her og her.