torsdag 19. november 2009

Filmsensur; Life of Brian.

Monty Python filmen "Life of Brian" vart lagd for 30 år sidan. Denne britiske komedien vart, i likheit med fleire andre filmar, dårleg motteke av religiøse i Noreg og sraffelovas paragraf om blasfemi vart brukt for å forby han. Dette skapte sterke internasjonale reaksjonar og filmen vart snart lovleg att, men med 18 års aldersgrense og tekstplakat som forsikra publikum at det ikkje var ei historie om Jesus liv. Sverige lanserte filmen som "filmen som er så morosam at den er forboden i Noreg" ...

"Life of Brians" handling går føre seg i Judea som er okkupert av romerar. Dei møter mykje motstand og hovudpersonen Brian blir med ei slik motstandsgruppe. Han gjennomgår mykje trøbbel og enda meir komplisert blir det når han blir forveksla med Messias og omringes av enormt mange tilhengjarar. Filmen har vorte utnevnt som ein av verdas artigaste og beste filmar fleire gongar. I dag er det elleveårsgrense på han i Noreg.

Det er fleire episodar i filmen som har paralellar til Jesus liv og kan difor bli sett på som blasfemiske. Tildømes når dei tre vise menn kjem inn i stallan kvar Brian har vorte født for å overrekka gåver. Dei finn etterkvart ut at dei har gått inn i feil stall og må ta attende gåvene. Ei anna episode er når Brian har vorte krossfesta saman med fleire andre og dei byrjar å synge lystig "always look on the bright side of life":



Kjelder:
her og her.

tirsdag 17. november 2009

Hostel 2 - ulovlig sendt på TV1000

For litt sidan sendte tvkanalen TV1000 skrekkfilmen Hostel 2 klokka åtte ein kveld. Dette strider mot den norske vannskiljebestemmelsen i og med at filmen har aldersgrense 20. Mediatilsynet meiner at filmen kan skade mindreåriges psykiske og moralske utvikling. Sidan TV1000 er etablert i Sverige retta medietilsynet ein hendvendelse til Granskingsnämnden. Også dei konkluderte med at filmen vart sendt i strid med svensk lovgjeving. Det vart òg funnet ut at fleire andre vaksenfilmar har vorte sendt i strd med lova. Granskingsnämnda har sendt saken viare til Justitekansleren for eventuell sanksjon.

Eg tykjer denne saka er nokså alvorleg for ungar har slettes ikkje godt av å sjå slike filmar. Dei er ikkje modne nokk og kan ha problem med å skilja mellom fiksjon og verkelegheit. I tildømes skytedramaet på columbine high er det jo voldelege dataspel og filmar som har fått delar av skulda.


lenkje


lenkje

torsdag 5. november 2009

Viljens Triumf

Viljens triumf er ein tysk film frå 1935 av Leni Riefenstahl. Ein kan si at dette er ein propaganda film fordi den har ei positiv vinkling på Hitler og nazismen. Med flyet sitt stig Hitler ned som ein frelsar for å redda sitt land. Det er dessutan Hitler sjølv som har bedt om å få filmen lagd, så det seier seg sjølv at den er lagd slik at han blir stilt fram i eit godt ljos. Filmen er eigentleg nøye regisert, men blir framstilt som ein dokumentar og veldig realistsik. Slik blir det veldig lett å få folket på kroken som hadde vorte audmjuka då fysste verdskrig tok slutt. Folket trengte ein som kunne redda landet og satte sin lit til Hitler.

mandag 2. november 2009

London Metropolitan University (LMU)

Fredag 16. Oktober avla 3SSP LMU ein visitt som ein del av opplegget på klasseturen til London. LMU er eit universitet i London oppretta i 2002. Universitetet legg mest vekt på naturvitskap og teknologi og har omlag 33 000 studentar frå til saman 155 land.



Inne i eit klasserom i ein av dei fleire byggningane til universitetet fekk klassa eit foredrag om sjølve skulen. Som sagt er det eit universitet med svært mange elevar frå forskjellige land og er rangert som Londons fysste val for internasjonale studentar. Ein kan velja mellom 400 ulike grader med høg kvalitet og god relevans for arbeidsmarknaden. Alle fyssteårsstudentar er garanterte ein bustad i universitetets studentbustadar, og det er også gode muligheiter for å drive idrett. Kostnadane varierar med studiene men ligg på ca. £9.000-11.000 per år.



Etter foredraget kom ein mann og prata litt om opptakskrava for universitetet. For å koma inn må ein ha minst 4 i gjennomsnitt og 4 eller meir i matte og engelsk. Ein god akademisk bakgrunn er viktig, men mannen sa det er viktig å presisere at det ikkje er berre karakterane som tel, men òg det sosiale. Korleis studenten vil klara seg i London, studentens interesser og kven som har potensiale til suksess i framtida. Sjølvstende er ein svært viktig eigenskap viss ein vill inn på universitet.

«Out of thebox thinking» er veldig sentralt hjå LMU. Eleven skal tenkje og stille spørsmål i staden for å berre godta det dei les. Dei skal snakke meir, tenkje, ha meiningar samt kunnskap. Universitetet er ikkje berre for å få ei utdanning, men vel så mykje det å bli vaksen og finne seg sjølv. Læra å bli sjølvstendig og treffe mange nye menneske.

Etter all pratinga inne i klasserommet vart vi guida rundt i dei forskejllige campusane og fekk eit lite innblikk i kva folk dreiv med. Eg, for min del, syntes ikkje det såg spesielt spennande ut, men heller litt grått og kjedleg. Men ellers freista det veldig å studera i London, men då kanskje på eit anna universitet.

onsdag 7. oktober 2009

Portrettintervju om såpeboblar og slik.

På miderste rad og bakerste benk sit ei sprudlande og søt jente djupt konsentrert i pc-skjermen sin. Eg ber om å få eit lite intervju med ho. Anna har ei glede og ein latter som smittar, ho er ikkje som alle andre og har dessutan mange spennande og fine tankar som ho gjerne luftar for oss. Eg blir rett og slett litt inspirert. Eg tenkte difor at eit intervju med henne vil verta interessant.

”Det skulle vore så mykje tid som i den største såpebobla i heile verda” er overskrifta på det siste innlegget du posta på bloggen din. Kan du utdjupa dette sitatet litt meir? Anna smiler og tek ein bit av eple sitt.
- "Ja."
Ho tenkjer litt til medan ho tygg.
- "Det er så mange fine ting ein kunne tenkt seg å gjort og opplevd, og eg ser for meg at den største såpebobla i verda romar tid til slike fine ting. Eg har så mange kakar eg skulle bakt, så mange fine ting eg skulle hatt gjort og så mange plassar eg skulle ha besøkt."

Kva lev du for? 
Ho løftar på bryna og meiner tydelegvis dette er eit vanskeleg spørsmål. Ho må spørja bordkavaler Sofie.
- "Eg lev for å gjere andre glad!" kjem det plutseleg.
- "Eg synes det å spreie glede er viktig. Eg trur på det at ein kan leva lenge ved å væra glad, at godt humør hjelp på helsa. Eg har dessutan veldig mange draumar og trur det er viktig at dei finst. Og du må tru på dei. Livsfilosofien min er at muffins kan lagas av alt.”

Anna fniser. Latteren sitt laust med andre ord.

Du er oppteken av fine ting, kan du nemne nokre?

- "Ehmm …"
Ho får eit lite hyperanfall av nokre bilete Sofie har på skjermen sin før ho kjem attende til spørsmålet att. 
- "Å væra glad"
- "Draumar"
- "Bøker"
- "Å væra sosial" 
- "Jobben min på Statoil"
- "Kaker og oppskriftsbøker. Eg finn mykje inspirasjon i blant anna muffinsbøker og prøver nye oppskrifter stadig vekk. Kakesider på nett er også veldig fint." 
- "Te og kaffe" 
Eg trur ho draumar seg litt bort medan ho ramsar opp desse tinga.

Kva gjer du om 10 år? 
Anna lagar sånn filosofisk tenkjemunn, ein slik nedovermunn som sure smileyar har. Men Anna er ikkje sur altså. Aldrig. 
- ”Eg drøymer om å opna ein koseleg kafé i Oslo - ikkje så altfor stor, der folk kan koma og sitja så lenge dei vil og føla seg heime. Eg kan selja gamle bøker og kanskje klede som Kari har sydd sidan ho har vorte den supre kledesignaren. Eg skal servera dei beste heimelagde muffinsane du kan tenkja deg. Og så skal eg servere slike dere dere … ” ho viser med hendene.
- "Slike langvaflar med alt muleg godt på. Og så skal eg ha sånn god kaffi, smoothies, milkshake og ja. Men før den tid så vil eg reisa rundt i verda og sanke mykje inspirasjon til kafeen.”
Innan eg er ferdig med å skrive ned svaret er ho allereie i gang med eit plystrekor saman med Ingrid og Sofie. Ei verkeleg fantasifull og hyper jente.

søndag 20. september 2009

John Wayne (1909-1979)

John Wayne (Marion Mitchell Morrison) var ein svært populær og berømt amerikansk skodespelar på 1900-talet. Han har spela i ei rekke filmar frå 1930 til 1976 og er best kjend for sin særeigne stemme, gange og høgde og blir sett på som eit symbol for maskulinitet. Han har fått mange gode plasseringar på kåringar som beste mannlig stjerne nokon sinne og som amerikansk favoritt filmstjerne. 


Kjelde                                                                

Kjelde

torsdag 3. september 2009

tirsdag 1. september 2009

Sjangrar innan dataspel.

Omgrepet sjanger tyder ”slekt” eller ”familie” og blir brukt som ei nemning for tekstar med visse fellestrekk. Sjangeren blir som ein kontrakt med publikum slik at folk veit kva dei får(kjærleik, krim, western osv.)  

Vanlege sjangrar innan dataspel er:
- Actionspel som ofte omhandlar oppdrag, hindringar og fiendar.
- Eventyrspel som går ut på ei historie kvar ein må løysa kodar og mysteriar for å komma vidare i spelet.
- Rollespel - foregår i ei verd frå science fiction kvar karakteren skal utvikla seg ved løysing av oppgåvar.
- Strategispel går ut på taktikk og strategi. Handlar ofte om å oppnå styrke og makt. 
- Simulatorspel er meir eller mindre realistiske. Typisk er kjørespel og sportsspel. 
- Barnespel er enkle spel retta mot barn i alderen seks-tolv år.  
- Plattformspel - går ut på at ein skal styra ein karakter frå ein stad til ein annan utan å bli hindra. 

- Kort- og brettspel er kjente og klassiske kortspel og brettspel.

Bilde.

torsdag 27. august 2009

Gripande bilete frå worldpressphoto.

"In Garden of Angels"

Kjolane er frå kvinner som har vore offer for vald. Eg tykjer bilete er fint men også veldig trist med tanke på at desse uskuldige kvinnene mista livet altfor tidleg og på ein grusom måte. Fargane er svært fredfulle og kjolane veldig søte.

Bilete er frå eit jordskjelv i Tyrkia i 1983. Biletet gjev konnotasjonar til elendigheit og krig, men er altså resultat av eit jordskjelv. Eg tykjer biletet er gripande for eg trur barna er daude i og med at dei ligg i gjørme, mora gret og det ser svært kaldt ut. Og det finst vel ikkje noko værre for ei mor enn å miste barna sine? 

onsdag 19. august 2009

Politikarar på twitter!

Twitter er eit gratis nettsamfunn der brukarar kan skrive små meldingar. Litt som blogging, berre mykje mindre. Og no, fram mot valgtider, har politikarar byrja å nytta twitter aktivt som ein del av valgkampen. Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre er to av fleire politikarar som twittrar og svarar på spørsmål frå andre brukarar. 

Jonas er svært aktiv og er inne og twittrar fleire gongar om dagen. Han svarar på spørsmål frå følgjarar, skriv om arbeirderpartiets mål og konfronterar andre politkarar som forekspempel Erna og Siv. "I debatt med meg i går sa Siv Jensen at ekteskapsloven er naturstridig. Men Frp er for aktiv dødshjelp. Det mener jeg er naturstridig." Denne meldinga vart posta 12.44 den 18. august. 



Jens er ikkje ein fult så aktiv brukar på twitter, men oppdaterer stausen sin gjevnleg. Han svarar ikkje på spørsmål, men skriv meldingar om kvar han skal halde foredrag og slikt, og han reklamerer rett og slett ein del for seg sjølv og AP. "De rødgrønne går til valg på fortsatt regjeringssamarbeid. Vi vil bevare, fornye og forbedre velferden. Se live kl 12 på arbeiderpartiet.no" Skrevet 4. august 14.49.

Men har denne twittringa noko å seie for valget? Mesteparten av brukarane på twitter er ungdom, så kanskje nettsamfunnet kan brukast til å opplyse og påverke denne gruppa? Det gjenstår å sjå når valgdagen er her.