fredag 12. mars 2010

Ungdommenes råskap

Ungdommenes råskap er ein dogumentar om skuledagane til nokre 10. klassingar på Hauketo ungdomsskole i Oslo. Filmen gjev oss ei innsikt i innvandrarars kvardag og møte med norsk skule. Det oppstår konfliktar på tvers av kulturar og fleire av ungdommane har vanskar med å styre følelsane sine. Lærarane har ei stor utfordring både med å takle feidane, men òg å få elevane til å følgje med i timane. Mange av elevane blir svært opprørte når dei får utdelte standpunktskarakterane sine, men gjer tross alt ein god munnleg eksamen.


Kjelde. Regi: Margareth Olin.

Dogumentary-reglane:
2. ”Filmens ide og formål skal skisseres kort i begynnelsen av filmen.” Eit utdrag frå eit dikt av Jens Bjørnebo er brukt i innleiinga på filmen og fortel om vaksnes løgner om ungdommen, og korleis dei eigentleg lengtar tilbake til ungdomstida sjølv - til ungdomsspråket og fridomen. Filmen bygger vidare på dette, korleis ungdommane verkeleg er og ter seg.

4. ”Alle klipp skal markeres. (Unntaket er klipp i "real-time", det vil si direkte klipp i en flerkamera-stituasjon).” Klippinga er godt markert ved at det brått startar og sluttar, og det er ingen ”smooth” overgang. Ein høyrer overgangen godt på lyden; i ei scene kan det vera klasserommet med mykje bakgrunnsstøy medan i neste kan det vera ei roleg samtale mellom lærar og elev på tomannshand. Overgangen er også tydleg på bileta ved at skjermen blir svart (i nokre tiendelar av eit sekund) mellom to klipp.

6. ”Lyd må aldri produseres atskilt fra de originale filmopptakene eller omvendt. Det er ikke tillatt å mixe inn musikk eller dialog i etterkant.”Det er kunn brukt reallyd i filmen, burt sett frå musikken som er lagt til på rulleteksta. Det er ikkje miksa eller lagt på noko lyd, men det står nok ein lydmann bak og dempar og forsterkar ulike lydar ettersom kva ein vil framheve.

Det er vanskeleg å seie kva som er mest truverdig av dokumentar og dogumentar. På ei side kan dokumentaren bruke sjult kamera som vil si at ingen spelar og det vi ser er truverdig. I dogumentaren kan folk oppføra seg litt annleis da dei har eit synleg kamera framom seg. På ei anna side er dokumentaren mykje friare til å mikse og redigere, medan dogumentaren ikkje kan bruka effektar og manipulasjon av bilete og lyd. Men, dogumentaren kan manipulere tida slik vi ser i ungdommenes råskap. Dessutan er det dei mest høvelege klippa som blir plukka ut blant mange timar med film. Det er dei mest brutale sidene blant ungdommane som blir vist. Sannsynlegvis har jo klassa også sine rolige og snille stunder som vi da altså verken
får sjå eller vite noko om.

søndag 7. mars 2010

Pulp fiction - ein postmoderne tekst.

“Postmoderne uttrykk representerer både ei vidareføring av modernismen og eit brot med den” (mediemøter2, s.210). Medan det modernistiske har eit bakanforliggjande bodskap, er overflata sjølve bodskapen i det postmodernistiske. Pulp fiction er ein postmoderne tekst fordi filmen ikkje har noko bodskap som kan tolkast, bodskapen er det vi ser.

Eit anna kjenneteikn på postmodernismen er at ein sett saman og blandar mange ulike uttrykk. Pulp fiction er eit virvar av små forteljingar som er knytte saman, og alt frå det voldelege til det søte er satt saman i ei og same scene. Ein scene er til dømes satt saman av romantisk kjærleik med søte ord som ”honney bunny” i tillegg til pistolar og blod.

Det heilt typiske med filmen pulp fiction er komposisjonen som bryt med den tradisjonelle Hollywood-kurva. Filmen både startar og avsluttar med det same ranet, men i handlinga er dette ranet verken avslutting eller start. Handlinga derimot avsluttar med at Vincent blir skutt, men denne scena kjem midt i filmen slik at i siste scene er han fortsett levande.

Fleire postmodernistiske kjenneteikn i filmen er den ofte ironiske intertekstualiteten. Som eksempel les han eine alltid eit bestemt vers frå bibelen før han skal skyte nokon. Pulp fiction er altså ein postmoderne tekst på grunnlag av ironien, kontrastane, komposisjonen og den ytre bodskapen.