torsdag 19. november 2009

Filmsensur; Life of Brian.

Monty Python filmen "Life of Brian" vart lagd for 30 år sidan. Denne britiske komedien vart, i likheit med fleire andre filmar, dårleg motteke av religiøse i Noreg og sraffelovas paragraf om blasfemi vart brukt for å forby han. Dette skapte sterke internasjonale reaksjonar og filmen vart snart lovleg att, men med 18 års aldersgrense og tekstplakat som forsikra publikum at det ikkje var ei historie om Jesus liv. Sverige lanserte filmen som "filmen som er så morosam at den er forboden i Noreg" ...

"Life of Brians" handling går føre seg i Judea som er okkupert av romerar. Dei møter mykje motstand og hovudpersonen Brian blir med ei slik motstandsgruppe. Han gjennomgår mykje trøbbel og enda meir komplisert blir det når han blir forveksla med Messias og omringes av enormt mange tilhengjarar. Filmen har vorte utnevnt som ein av verdas artigaste og beste filmar fleire gongar. I dag er det elleveårsgrense på han i Noreg.

Det er fleire episodar i filmen som har paralellar til Jesus liv og kan difor bli sett på som blasfemiske. Tildømes når dei tre vise menn kjem inn i stallan kvar Brian har vorte født for å overrekka gåver. Dei finn etterkvart ut at dei har gått inn i feil stall og må ta attende gåvene. Ei anna episode er når Brian har vorte krossfesta saman med fleire andre og dei byrjar å synge lystig "always look on the bright side of life":



Kjelder:
her og her.

tirsdag 17. november 2009

Hostel 2 - ulovlig sendt på TV1000

For litt sidan sendte tvkanalen TV1000 skrekkfilmen Hostel 2 klokka åtte ein kveld. Dette strider mot den norske vannskiljebestemmelsen i og med at filmen har aldersgrense 20. Mediatilsynet meiner at filmen kan skade mindreåriges psykiske og moralske utvikling. Sidan TV1000 er etablert i Sverige retta medietilsynet ein hendvendelse til Granskingsnämnden. Også dei konkluderte med at filmen vart sendt i strid med svensk lovgjeving. Det vart òg funnet ut at fleire andre vaksenfilmar har vorte sendt i strd med lova. Granskingsnämnda har sendt saken viare til Justitekansleren for eventuell sanksjon.

Eg tykjer denne saka er nokså alvorleg for ungar har slettes ikkje godt av å sjå slike filmar. Dei er ikkje modne nokk og kan ha problem med å skilja mellom fiksjon og verkelegheit. I tildømes skytedramaet på columbine high er det jo voldelege dataspel og filmar som har fått delar av skulda.


lenkje


lenkje

torsdag 5. november 2009

Viljens Triumf

Viljens triumf er ein tysk film frå 1935 av Leni Riefenstahl. Ein kan si at dette er ein propaganda film fordi den har ei positiv vinkling på Hitler og nazismen. Med flyet sitt stig Hitler ned som ein frelsar for å redda sitt land. Det er dessutan Hitler sjølv som har bedt om å få filmen lagd, så det seier seg sjølv at den er lagd slik at han blir stilt fram i eit godt ljos. Filmen er eigentleg nøye regisert, men blir framstilt som ein dokumentar og veldig realistsik. Slik blir det veldig lett å få folket på kroken som hadde vorte audmjuka då fysste verdskrig tok slutt. Folket trengte ein som kunne redda landet og satte sin lit til Hitler.

mandag 2. november 2009

London Metropolitan University (LMU)

Fredag 16. Oktober avla 3SSP LMU ein visitt som ein del av opplegget på klasseturen til London. LMU er eit universitet i London oppretta i 2002. Universitetet legg mest vekt på naturvitskap og teknologi og har omlag 33 000 studentar frå til saman 155 land.



Inne i eit klasserom i ein av dei fleire byggningane til universitetet fekk klassa eit foredrag om sjølve skulen. Som sagt er det eit universitet med svært mange elevar frå forskjellige land og er rangert som Londons fysste val for internasjonale studentar. Ein kan velja mellom 400 ulike grader med høg kvalitet og god relevans for arbeidsmarknaden. Alle fyssteårsstudentar er garanterte ein bustad i universitetets studentbustadar, og det er også gode muligheiter for å drive idrett. Kostnadane varierar med studiene men ligg på ca. £9.000-11.000 per år.



Etter foredraget kom ein mann og prata litt om opptakskrava for universitetet. For å koma inn må ein ha minst 4 i gjennomsnitt og 4 eller meir i matte og engelsk. Ein god akademisk bakgrunn er viktig, men mannen sa det er viktig å presisere at det ikkje er berre karakterane som tel, men òg det sosiale. Korleis studenten vil klara seg i London, studentens interesser og kven som har potensiale til suksess i framtida. Sjølvstende er ein svært viktig eigenskap viss ein vill inn på universitet.

«Out of thebox thinking» er veldig sentralt hjå LMU. Eleven skal tenkje og stille spørsmål i staden for å berre godta det dei les. Dei skal snakke meir, tenkje, ha meiningar samt kunnskap. Universitetet er ikkje berre for å få ei utdanning, men vel så mykje det å bli vaksen og finne seg sjølv. Læra å bli sjølvstendig og treffe mange nye menneske.

Etter all pratinga inne i klasserommet vart vi guida rundt i dei forskejllige campusane og fekk eit lite innblikk i kva folk dreiv med. Eg, for min del, syntes ikkje det såg spesielt spennande ut, men heller litt grått og kjedleg. Men ellers freista det veldig å studera i London, men då kanskje på eit anna universitet.