fredag 12. februar 2010

Rope

Rope, på norsk; reipet, er ein amerikansk film av regissøren Alfred Hitchcock. Filmen er frå 1948 og kan assosierast med nazismen. Heile handlinga går føre seg i den same leiligheta der to unge menn (Philip og Brandon) kveler ein tidlegare klassekamerat (David) med eit reip. David blir lagt i ei kiste som deretter blir brukt til bord og duka til festmåltid. Foreldra og kjærasten (Janet), samt hennar ekskjærast (Kenneth) og den tidlegare læraren til mennene (Rupert) er bedne. Gjestane undrar over kor det blir av David, og Rupert avslører det heile til sist.

Denne filmen har likskapar til nazismens ideologi ved at det er snakk om overmenneske og undermenneske. Brandon ser seg sjølv som eit overlegent menneske, og på dette grunnlaget meiner han å kunne drepe eit underlegent menneske med rettferd. Denne teorien er det opphavleg Rupert som hadde lært dei på skulen tidlegare, men han hadde ikkje meint det så bokstaveleg. Rupert blir sint å seier at orda berre var ein draum, ikkje meint til å sette ut i livet. - At mordet ikkje vart gjennomført på grunn av desse orda, men av Brandons vonde indre.

Slik som Hitler ville ha ei rein arisk rase, vil Brandon utrydde dei ”underlegne” og spleise Janet og Kenneth for å skape det ideelle par. I tillegg liknar Brandon Hitler ved at han får andre til å gjere ”dritjobben” for seg. Det er nemleg Phillip som utfører sjølve kvelinga av David. I filmen blir kyllingar brukt som metafor på dei ”svake” i samfunnet. Det kjem fram at Philip tidlegare hadde kvelt kyllingar, som han nå har kvelt David.

Filmen er veldig spesielt oppbygd. Det er brukt svært lite klipping og som sagt går heile handlinga føre seg i den same leiligheta. Utsnittet som er brukt er stort sett halvtotal, men kamera bruker ein del zooming for å påpeike viktige gjenstandar som til dømes reipet og kista.


Bilde: http://img147.imageshack.us/i/rope194818223fhe4.jpg/
Kjelde:
http://no.wikipedia.org/wiki/Repet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar