tirsdag 19. januar 2010

Mediesituasjonen i Somalia.

Organisasjonen Journalistar utan grenser hevdar at Somalia er det farligaste landet å vera journalist i. Eit alvorleg problem er angrep på journalistar. Sidan borgarkrigen i landet i 1991 har ikkje regjeringa fungert på skikkeleg vis, og medium er difor veldig frie. Grunnlova blir ikkje alltid fylgt og reglane blir sett på som noko dei burde, men ikkje er nøydt til å fylgje.  

Til tross for dei politiske problema og den svekka regjeringa i Somalia, har landet eit stort mangfald medium. Problemet er at desse er veldig frie og ofte brukt som propagandamiddel. Private medieinstitusjonar har vorte etablert fleire stader i landet og det er ofte klansystem og militære grupperingar som styrer desse. Slik blir dei utnytta til å spreie propaganda og hat og marknaden blir veldig fiendtleg. Lova om ytringsfridom blir til dømes ikkje beskytta. 

I dag jobbar fleire organisasjonar med å kartlegge brot på presse- og ytringsfridom, og ein prøver å få slutt på overgrepa mot journalistar. I 2007 vart heile åtte journalistar drepne på grunn av sitt arbeid i Somalia.  

Avisene i Somalia er veldig få på grunn av analfabetisme, stor fattigdom og svært få journalistar. Kvar avis har berre eit opplag på om lag 100-800. Fjernsyn er det også veldig lite av på grunn av mangel på teknologi og lite pengar. Mediet som når flest publikum er difor radio, men problemet er at fleire av stasjonane er kontrollerte av klanane og inneheld mest politikk.  



Kjelder:
xmag.no og wikipedia.org

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar