onsdag 7. oktober 2009

Portrettintervju om såpeboblar og slik.

På miderste rad og bakerste benk sit ei sprudlande og søt jente djupt konsentrert i pc-skjermen sin. Eg ber om å få eit lite intervju med ho. Anna har ei glede og ein latter som smittar, ho er ikkje som alle andre og har dessutan mange spennande og fine tankar som ho gjerne luftar for oss. Eg blir rett og slett litt inspirert. Eg tenkte difor at eit intervju med henne vil verta interessant.

”Det skulle vore så mykje tid som i den største såpebobla i heile verda” er overskrifta på det siste innlegget du posta på bloggen din. Kan du utdjupa dette sitatet litt meir? Anna smiler og tek ein bit av eple sitt.
- "Ja."
Ho tenkjer litt til medan ho tygg.
- "Det er så mange fine ting ein kunne tenkt seg å gjort og opplevd, og eg ser for meg at den største såpebobla i verda romar tid til slike fine ting. Eg har så mange kakar eg skulle bakt, så mange fine ting eg skulle hatt gjort og så mange plassar eg skulle ha besøkt."

Kva lev du for? 
Ho løftar på bryna og meiner tydelegvis dette er eit vanskeleg spørsmål. Ho må spørja bordkavaler Sofie.
- "Eg lev for å gjere andre glad!" kjem det plutseleg.
- "Eg synes det å spreie glede er viktig. Eg trur på det at ein kan leva lenge ved å væra glad, at godt humør hjelp på helsa. Eg har dessutan veldig mange draumar og trur det er viktig at dei finst. Og du må tru på dei. Livsfilosofien min er at muffins kan lagas av alt.”

Anna fniser. Latteren sitt laust med andre ord.

Du er oppteken av fine ting, kan du nemne nokre?

- "Ehmm …"
Ho får eit lite hyperanfall av nokre bilete Sofie har på skjermen sin før ho kjem attende til spørsmålet att. 
- "Å væra glad"
- "Draumar"
- "Bøker"
- "Å væra sosial" 
- "Jobben min på Statoil"
- "Kaker og oppskriftsbøker. Eg finn mykje inspirasjon i blant anna muffinsbøker og prøver nye oppskrifter stadig vekk. Kakesider på nett er også veldig fint." 
- "Te og kaffe" 
Eg trur ho draumar seg litt bort medan ho ramsar opp desse tinga.

Kva gjer du om 10 år? 
Anna lagar sånn filosofisk tenkjemunn, ein slik nedovermunn som sure smileyar har. Men Anna er ikkje sur altså. Aldrig. 
- ”Eg drøymer om å opna ein koseleg kafé i Oslo - ikkje så altfor stor, der folk kan koma og sitja så lenge dei vil og føla seg heime. Eg kan selja gamle bøker og kanskje klede som Kari har sydd sidan ho har vorte den supre kledesignaren. Eg skal servera dei beste heimelagde muffinsane du kan tenkja deg. Og så skal eg servere slike dere dere … ” ho viser med hendene.
- "Slike langvaflar med alt muleg godt på. Og så skal eg ha sånn god kaffi, smoothies, milkshake og ja. Men før den tid så vil eg reisa rundt i verda og sanke mykje inspirasjon til kafeen.”
Innan eg er ferdig med å skrive ned svaret er ho allereie i gang med eit plystrekor saman med Ingrid og Sofie. Ei verkeleg fantasifull og hyper jente.

3 kommentarer: